Velkommen![]() Velkommen til GFIL gloppen.friidrettslag@enivest.net Partnarar Historie Lagsrekordar Styret Terminliste Trenarar |
Torsdag - 26. januar 2012Trude og Marte på eksklusiv listeStatistikkutvalet i forbundet har laga ei liste over dei 15 beste utøvarane for kvinner og menn senior etter poengtabellen. På denne måten kan ein rangere på tvers av øvingar. Både Trude og Marte er godt inne på lista:
1. Mona Holm, slegge: 70,43 1042 poeng 10. Øyunn Grindem, høyde: 1,90 960 poeng 13. Karoline B. Grøvdal, hinder: 9,46,07 952 poeng
Ei fin fjør i hatten for jentene, dette syner at vi har to utøvarar i den ypperste eliten i norsk friidrett! Torsdag - 26. januar 2012Norsk Friidrett - unge leiarar - siste samling i TrondheimTre initiativrike jenter har gjennom eitt år følgt Friidrettsforbunde si Ung Leiar program. Inger Margrethe Sørland, Silje Kristin Moldestad (begge frå Breimsbygda) og Kristiane Rygg frå Hyen har fått ei omfattande og god leiarutdanning, og fått gode erfaringar med seg i bagasjen. Sist sommar var ein del av opplæringa at dei skulle arrangere t.d. friidrettsskule for born. Såleis vart det friidrettsskule både på Byrkjelo, og Sandane. Dette vil dei også prøve å få til i sommar. Til ordninga er det også knytta lokale mentorar, der Dagfinn Nyhammer har vore mentor for breimsjentene, medan Nils Ove Roset har vore støttespelar for Kristiane. Dagfinn reiser med til Trondheim. Han skal også vere instruktør under dommarkurs under same seminaret. Norsk friidrett har kompetansehelg samstundes med Ung leiar seminaret. Alt foregår i Ranheimshallen. I helga skal jentene delta på siste samlinga i Trondheim. Dette er ei tre-dagarssamling, der dei skal innom fleire tema. Kristiane har valt Trenar II-kurs, medan Inger Margrethe og Silje har valt speakerkurs. Det er flott at vi har ungdommar i kommunen som tek slik kompetanseheving, og vi trur at friidretten skal få mykje glede av det dei bidreg med. Det er også viktig at idrettslaga gjev dei meiningsfulle oppgåver, slik at dei også kan utvikle seg vidare. Friidretten i Gloppen er som vanleg i fokus - ivrig etter utvikling ! Sjå elles meir om Ung:leder her: http://www.friidrett.no/ungleder/Sider/Velkommen.aspx Fredag - 20. januar 2012Treningane går så det susarSist veke er vel den beste vi har hatt på lenge når det gjeld oppmøte. Toppdagen vart torsdagsøkta i Firdahallen med 26 utøvarar på teknisk trening. 6 trenarar handterte alle på ein glimrande måte. Når så fredag morgon med basis klokka 0700 fekk 10 utøvarar på plass må vi vere særs nøgde. Ein fotballspelar, 2 handballspelarar og 7 friidrettsutøvarar. Pluss trenaren sjølvsagt. No vil vel kanskje mange hevde at 10 utøvarar klokka 0700 er svært dårleg oppmøte. Det vil vi på det sterkaste motstride. Vi har dreve på i snart 2 år med dette og Gloppen har ikkje noko stort marked for slikt. Dette er ein viktig del av opplæringa til å lære seg å bli topputøvar. Då må det trenast to økter for dag ofte. Første økt må då bli før skulen. Difor er 10 stk svært bra og skikkeleg kjekt for oss som er primus motor i opplegget. Flott. Men der er berre jenter som møter. Kva kan det ha seg !?. Alle får påsmurte baguetter og drikke servert etter trening så servicen er god. No er det slik at dei som går på idrettslina har mulighet til å trene heile føremiddagane og gjerne også på ettermiddagane slik at vi ikkje kan forvente at dei stiller kl 0700 dersom dei har same treninga 0830 eller 1230 for den del. Vi ynskjer fleire på denne treninga uansett. Alle er hjertelig velkomne. Ein treng ikkje vere eller ynskje å bli topputøvar. Det er nok å ynskje å bli i betre form. Treninga tilpassar ein sjølv. Øvingane er like for alle og intensiteten styrer kvar og ein. Kort og godt er vi ute etter eit større treningsmiljø klokka 0700 fredagsmorgonane. Fredag - 20. januar 2012
Kakelotteri laurdag 28 januar 10-14 ... Skrevet av N.O.Roset
kl
08:55
Kommentarer (0) Trackbacks (0) Kakelotteri laurdag 28 januar 10-14 på SandaneGFIL skal ha sitt første kakelotteri. Ikkje verst på 22 år. Vi får no prøve dette vi også. Den store dagen er laurdag 28 februar - altså neste laurdag. Sandane senter 1000-1200; Evald og Marius, 1200-1400; Siv Malin og Andrine Coop Mega 1000-1200; Hans og Erlend, 1200-1400; Vegard og Bjarne. Sølvi hentar kaker på Vereide 0930. Lodd og plakater ordna Birgith. Løyve er i orden. Vi treng litt ekstra penger til leigebilar i Syden. Gretes Frisørsenter går også inn med ein ekstrasum til GFIL til formålet. Vi takker og bukker. Er det nokon som ikkje kan stille må dei nok skaffe einkvan i sin stad. Fredag - 20. januar 2012Informasjon om treningsleiren på Gran CanariaI dag er informasjon om turen postlagt til alle. De får den mandag i posten. Der er siste innbetaling og alle dataljer om turen og oppholdet. De må lese nøye køyrelista til Bergen og ellers detaljer kring reiseforsikring etc. Det er viktig at de beteler innan fristen då vi skal overføre ganske store summar. Trude og Marte har fått oversendt sine detaljer kring booking Oslo - Las Palmas. Vi andre blir på felles innsjekk på Flesland. Husk å spørje fri frå skulen og jobb torsdag 16 og fredag 17 februar. God helg og tren godt framover. Onsdag - 18. januar 2012GFIL har signert fornya avtale med SFE
SFE vert ein av dei store samarbeidspartnarane også i 2012. Nyleg signerte SFE og GFIL avtala for 2012. God profilering på drakter og i media samt at GFIL representerer toppidretten i Gloppen er nokre av årsakene til at avtala vart fornya. Svært få driv toppidrett og det er litt eksklusivt å bekle drakter som syner att i media også utanfor Gloppen og Sogn og Fjordane.
Mandag - 9. januar 2012
NFIF - løftprosjekt U23 kast 2012 - ... Skrevet av N.O.Roset
kl
12:18
Kommentarer (0) Trackbacks (0) NFIF - løftprosjekt U23 kast 2012 - samling komande helgGFIL trenar og sportsleg leiar Jørund Årdal tar med seg fylgjande utøvarar til treningsamling på Toppidrettssenteret fredag til søndag komande helg. Erlend Ulvestad, IL Brodd - Vanessa Sunde Hoel, GFIL , Trude Raad, GFIL og Marte Rygg Årdal, GFIL. Dei to siste studerer i Oslo. I tillegg er vi så heldige å ha fått med STIL utøvar Thomas Mardal (15), første års junior. Han er ein multiutøvar som kan bli like god i alle øvingar. No er han blant landets beste også i kast og vil denne helga få trene saman med landets beste juniorutøvarar. Ole Morten reiser sjølvsagt også. Dette blir ei topp helg for alle. Søndag - 8. januar 2012Minner om treningsaktiviteten gjennom veka..Åpent treningstilbod-ingen krav til medlemskap i GFIL. Ikkje treningsavgift. Berre pågangsmot og humør er kravet for å delta. Mandager: 1700-1800 intervall. Oppmøte ved krysset til Fitje. 1800-1930 vekter i Rygg skule. Vekter i Stadionbygget på Byrkjelo 1800-1930. Tysdager: 1800 - 2000 sprint og teknikk i Sundebygget. Onsdager: 1500-1630 basistrening - oppmøte med utekle. Inne frå 1530. Dei som løper lenger starter på felles langtur klokka 1445. Husk å ha godt med mat på skulen. Torsdager: 1800 - 1930 teknisk trening - heil sal Firdahallen. Saman med Stil og Fj.v barnefriidrett. Fredag : 0700- 0800 basis i Firdahallen. 1800-1930 Vekter i Rygg skule. Vi er stolte av å kunne tilby så mange og varierte treningar. Aldersgrensa for å delta hjå oss har vi sett til 13 år i 2012. No arbeider vi for fullt for å ta siste finpussen på sydenopphaldet i februar. 22 aktive og 12 foreldre skal avgarde til Gran Canaria. Ein skikkeleg vitaminpille for alle. Torsdag - 5. januar 2012Attgløymde Gfil hettejakker....
To stk small svarte Craft hettejakker med Gfil reklame heng attgløymde på stativet i Firdahallen. Dei er tatt heim til underteikna og vaska. Eigarane henvende seg til 41415380.
Torsdag - 5. januar 2012Det er sjølvsagt morgontrening kl 0700 fredag
Alle er hjertelig velkomne !. Klokka 0700 -0805.Vi varmer opp 15 minutt ute og køyrer effektivt 45 min med styrke etterpå. Dei som ikkje føler for joggeturen ute kan varme opp inne. Vi er presise til treningsstart klokka 0700. Grunntrening av beste sort - skadeførebyggande og utviklande. GFIL serverer frukost - påsmurte baguetter og drikke gratis etter trening. Sjølve treninga er gratis også. Aldersgrensa er 13 år i 2012. Ein god start på dagen. For dei som verkeleg satsar på idretten sin vert det også god tid til økt nr to på kvelden.
|
KalenderSøkKategorierSyndiker denne bloggenBlogg-administrasjon |






