Velkommen![]() Velkommen til GFIL gloppen.friidrettslag@enivest.net Partnarar Historie Lagsrekordar Styret Terminliste Trenarar |
Mandag - 6. februar 2012Sterkt kappgangresultat av Merete HelgheimI kveld(8.2.) sesongdebuterte Merete på 3000m kappgang på eit stemne i den nye Leikvanghallen i Bergen. Det vart solid pers med den sterke tida 13.30! Tida er 58 sekund betre enn vinnartida frå NM innadørs i Trondheim i fjor, og 46 sekund betre enn utepersen frå Byrkjelo-NM, der ho tok sølv bak Kjersti Tysse Plâtzer.
Med tider så langt ned på 13-talet er Merete no på veg mot internasjonalt nivå! I den tida Tysse Plâtzer var på topp internasjonalt var ho på 12-talet på denne distansen. Ein lovande start på sesongen, dette bør gje Merete inspirasjon til meir spesialtrening i kappgang, grunnkondisjonen er i alle fall i orden! Mandag - 6. februar 2012Årsmøte og moderlagsmøte onsdag 21 marsOnsdag den 21 mars klokka 1900 held GFIL årsmøte på Gloppen Hotell. Vanlege årsmøtesaker. Saker ein vil ta opp må vere styre i hende innan søndag den 18 februar. Når årsmøtet er over vil det bli holdt møte med moderlaga sine repr i friidrettsgruppene og evt andre frå moderlaga som kan vere interesserte utviklinga av friidretten i kommunen. Gloppenalliansen vil vere eitt av punkta på saklista. Innkalling vil bli sendt ut i god tid. Fredag - 3. februar 2012Viktige datoer sesongen 201229 april Oldenstafett 6 mai Breimstafett 24 mai Gloppenmeisterskap 1-2 juni NM kappgang på Sandane 15-17 Juni Tyrvingleikane - Nadderud 21-24 juni Veidekkeleikane-Lillehammer 26-27-28 Juni Gloppen Friidrettskule på Sandane 29-30 juni - 1 juli Sparebankleikane - Byrkjelo 19 juli - Kveldsstevne på Byrkjelo. 27-28-29 Juli NM Junior - Sigdal 16 august - Kveldstevne på Byrkjelo 24-25-26 august - NM senior i Kristiansand 1-2 sept - UM på Askøy. Tirsdag - 31. januar 2012Treningsleiren på Gran Canaria nærmar seg
No er det berre litt over 2 veker til avreise. Onsdag 15 februar er det klart for avreise til varmare strok. 22 utøvarar og 12 leiarar/trenarar/foreldre set kursen for Gran Canaria og Vecendario stadion. 10 dager trening i flotte omgjevnader. Kjekt at vi kan greie å tilby Gloppens topputøvarar ein slik tur. Godt treningsutbyte, sosialt og oppbyggande for både utøvarar og støtteapparat. Å hevde seg i toppen i Norsk Friidrett slik gloppenutøvarane gjere kreve hardt arbeid over lang tid. Det er også eit ikkje ubetydeleg arbeid som vert lagt ned på leiar/trenarsida for at vi skal ha eit tilbod til dei som vil satse på toppidrett. No har vi ein ny genarasjon utøvarar på vei opp. Det er dei mellom 15 og 20 som no er i UM og Jr NM alder. Mange av desse er no i opplæringsfasen til å la idretten bli viktig nok. Lære seg å prioritere idretten slik at det er mogeleg å oppnå resultat. Der er leiarar og foreldre dei viktigaste pådrivarane. Ein slik tur gjev tid til å gje dei rette innput. Skal vi ha topputøvarar på pallen som på Byrkjelo og andre Nm må vi arbeide slik vi gjere no. Tradisjonane i gloppenfriidretten vil nok garantert bli ført vidare.
Tirsdag - 31. januar 2012Kurs i kappgang torsdag 2 februar kl 1800
Hyen IL arrangerer dommarkurs i Kappgang no torsdag klokka 1800. Praktisk del starter i Firdahallen klokka 1800 i Vestsal. Deretter teoridel fram til ca 2100. GFIL skal ha NM til sommaren og treng dommarar. Påmelding til Solfrid Utheim Rygg eller Nils Ove Roset.
Tirsdag - 31. januar 2012Aktiv friidrettshelg
I helga hadde GFIL besøk av kastarar frå Bergensmiljøet. Det vart trent mykje styrke i Rygg skule og kast på Loggane. Ein delegasjon reiste til Sognehallen og trente sprintteknikk.
Torsdag - 26. januar 2012Trude og Marte på eksklusiv listeStatistikkutvalet i forbundet har laga ei liste over dei 15 beste utøvarane for kvinner og menn senior etter poengtabellen. På denne måten kan ein rangere på tvers av øvingar. Både Trude og Marte er godt inne på lista:
1. Mona Holm, slegge: 70,43 1042 poeng 10. Øyunn Grindem, høyde: 1,90 960 poeng 13. Karoline B. Grøvdal, hinder: 9,46,07 952 poeng
Ei fin fjør i hatten for jentene, dette syner at vi har to utøvarar i den ypperste eliten i norsk friidrett! Torsdag - 26. januar 2012Norsk Friidrett - unge leiarar - siste samling i TrondheimTre initiativrike jenter har gjennom eitt år følgt Friidrettsforbunde si Ung Leiar program. Inger Margrethe Sørland, Silje Kristin Moldestad (begge frå Breimsbygda) og Kristiane Rygg frå Hyen har fått ei omfattande og god leiarutdanning, og fått gode erfaringar med seg i bagasjen. Sist sommar var ein del av opplæringa at dei skulle arrangere t.d. friidrettsskule for born. Såleis vart det friidrettsskule både på Byrkjelo, og Sandane. Dette vil dei også prøve å få til i sommar. Til ordninga er det også knytta lokale mentorar, der Dagfinn Nyhammer har vore mentor for breimsjentene, medan Nils Ove Roset har vore støttespelar for Kristiane. Dagfinn reiser med til Trondheim. Han skal også vere instruktør under dommarkurs under same seminaret. Norsk friidrett har kompetansehelg samstundes med Ung leiar seminaret. Alt foregår i Ranheimshallen. I helga skal jentene delta på siste samlinga i Trondheim. Dette er ei tre-dagarssamling, der dei skal innom fleire tema. Kristiane har valt Trenar II-kurs, medan Inger Margrethe og Silje har valt speakerkurs. Det er flott at vi har ungdommar i kommunen som tek slik kompetanseheving, og vi trur at friidretten skal få mykje glede av det dei bidreg med. Det er også viktig at idrettslaga gjev dei meiningsfulle oppgåver, slik at dei også kan utvikle seg vidare. Friidretten i Gloppen er som vanleg i fokus - ivrig etter utvikling ! Sjå elles meir om Ung:leder her: http://www.friidrett.no/ungleder/Sider/Velkommen.aspx Fredag - 20. januar 2012Treningane går så det susarSist veke er vel den beste vi har hatt på lenge når det gjeld oppmøte. Toppdagen vart torsdagsøkta i Firdahallen med 26 utøvarar på teknisk trening. 6 trenarar handterte alle på ein glimrande måte. Når så fredag morgon med basis klokka 0700 fekk 10 utøvarar på plass må vi vere særs nøgde. Ein fotballspelar, 2 handballspelarar og 7 friidrettsutøvarar. Pluss trenaren sjølvsagt. No vil vel kanskje mange hevde at 10 utøvarar klokka 0700 er svært dårleg oppmøte. Det vil vi på det sterkaste motstride. Vi har dreve på i snart 2 år med dette og Gloppen har ikkje noko stort marked for slikt. Dette er ein viktig del av opplæringa til å lære seg å bli topputøvar. Då må det trenast to økter for dag ofte. Første økt må då bli før skulen. Difor er 10 stk svært bra og skikkeleg kjekt for oss som er primus motor i opplegget. Flott. Men der er berre jenter som møter. Kva kan det ha seg !?. Alle får påsmurte baguetter og drikke servert etter trening så servicen er god. No er det slik at dei som går på idrettslina har mulighet til å trene heile føremiddagane og gjerne også på ettermiddagane slik at vi ikkje kan forvente at dei stiller kl 0700 dersom dei har same treninga 0830 eller 1230 for den del. Vi ynskjer fleire på denne treninga uansett. Alle er hjertelig velkomne. Ein treng ikkje vere eller ynskje å bli topputøvar. Det er nok å ynskje å bli i betre form. Treninga tilpassar ein sjølv. Øvingane er like for alle og intensiteten styrer kvar og ein. Kort og godt er vi ute etter eit større treningsmiljø klokka 0700 fredagsmorgonane. Fredag - 20. januar 2012Kakelotteri laurdag 28 januar 10-14 på SandaneGFIL skal ha sitt første kakelotteri. Ikkje verst på 22 år. Vi får no prøve dette vi også. Den store dagen er laurdag 28 februar - altså neste laurdag. Sandane senter 1000-1200; Evald og Marius, 1200-1400; Siv Malin og Andrine Coop Mega 1000-1200; Hans og Erlend, 1200-1400; Vegard og Bjarne. Sølvi hentar kaker på Vereide 0930. Lodd og plakater ordna Birgith. Løyve er i orden. Vi treng litt ekstra penger til leigebilar i Syden. Gretes Frisørsenter går også inn med ein ekstrasum til GFIL til formålet. Vi takker og bukker. Er det nokon som ikkje kan stille må dei nok skaffe einkvan i sin stad. |
Kalender
SøkKategorierSyndiker denne bloggenBlogg-administrasjon |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||






